45 Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.
46 Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk.
47 Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet.
48 Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»
49 Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»
50 Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk.
51 Medan han var på heimvegen, kom tenarane og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde.