14 Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»
15 Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
16 Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten.
17 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.»
18 Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.
19 Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins.
20 For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk.