19 Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins.
20 For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk.
21 For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil.
22 Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen,
23 så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han.
24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.
25 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva.