22 Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen,
23 så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han.
24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.
25 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva.
26 For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv,
27 og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen.
28 De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst.