28 De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst.
29 Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom.
30 Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
31 Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig.
32 Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann.
33 De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga.
34 Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste.