3 Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. {{Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle,
4 for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.}}
5 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.
6 Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»
7 «Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»
8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»
9 Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.Men det var sabbat den dagen.