35 Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.
36 Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.
37 Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett,
38 og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt.
39 De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg!
40 Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske.