39 De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg!
40 Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske.
42 Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk.
43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han.
44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?
45 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til.