43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han.
44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?
45 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til.
46 For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive.
47 Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»