6 Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»
7 «Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»
8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»
9 Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.Men det var sabbat den dagen.
10 Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»
11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’»
12 «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.