1 Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen.
2 Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.
3 Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med læresveinane sine.
4 Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.