1 Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen.
2 Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.
3 Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med læresveinane sine.
4 Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.
5 Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?»
6 Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera.
7 Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.»