28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?»
29 Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera?
31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»
32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen.
33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»
34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.»