37 Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.
38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg.
39 Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen.
40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
41 Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som er kome ned frå himmelen.»
42 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han då seia at han er komen ned frå himmelen?»
43 Jesus svara: «Hald opp med denne murringa!