4 Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.
5 Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?»
6 Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera.
7 Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.»
8 Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:
9 «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
10 Då sa Jesus: «Lat folket setja seg.» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen.