46 Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.
47 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv.
48 Eg er livsens brød.
49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde.
50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.
51 Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta?»