1 Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han.
2 Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane.
3 Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer.
4 For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»
5 For heller ikkje brørne hans trudde på han.