15 Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?»
16 Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.
17 Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv.
18 Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han.
19 Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?»
20 «Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»
21 Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman.