20 «Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»
21 Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman.
22 Moses har gjeve dykk omskjeringa – ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer til og med på ein sabbat.
23 Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat?
24 Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»
25 Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa?
26 Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?