26 Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?
27 Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.»
28 Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje.
29 Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.»
30 Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen.
31 I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?»
32 Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han.