33 Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg.
34 De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.»
35 Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar?
36 Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?»
37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka.
38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»
39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.