37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka.
38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»
39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.
40 Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.»
41 Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?
42 Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»
43 Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld.