4 For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»
5 For heller ikkje brørne hans trudde på han.
6 Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.
7 Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.
8 Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»
9 Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.
10 Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.