43 Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld.
44 Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.
45 Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?»
46 Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.»
47 «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane.
48 «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane?
49 Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova – dei er forbanna.»