9 Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.
10 Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.
11 Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?»
12 Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.»
13 Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.
14 Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa.
15 Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?»