10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»
11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»}}
12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»
13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.»
14 Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg.
15 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen.
16 Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg.