2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei.
3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram
4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot.
5 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?»
6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.
7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»
8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.