22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»
23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.
24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.»
25 «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus.
26 «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27 Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om.
28 Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg.