30 Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han.
31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar.
32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
33 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?»
34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda.
35 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid.
36 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.