56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.»
57 «Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?»
58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.»
59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.