7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»
8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.
9 Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han.
10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»
11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»}}
12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»
13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.»