10 «Korleis vart auga dine opna?» spurde dei.
11 Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»
12 «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.
13 Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane.
14 Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga til leire og opna auga hans.
15 Også farisearane spurde korleis han hadde fått synet. «Han la leire på auga mine», svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.»
16 Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan eit syndig menneske gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette.