12 «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.
13 Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane.
14 Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga til leire og opna auga hans.
15 Også farisearane spurde korleis han hadde fått synet. «Han la leire på auga mine», svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.»
16 Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan eit syndig menneske gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette.
17 Så spurde dei på nytt han som hadde vore blind: «Kva meiner du om han, sidan det var dine auge han opna?» «Han er ein profet», svara mannen.
18 Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og no kunne sjå. Difor sende dei bod på foreldra til han som hadde fått synet att,