19 og spurde dei: «Er dette son dykkar, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?»
20 Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind.
21 Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje, og heller ikkje veit vi kven som har opna auga hans. Spør han sjølv! Han er gammal nok til å svara for seg.»
22 Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte einige om at den som vedkjende at Jesus var Messias, skulle støytast ut av synagogen.
23 Difor sa foreldra hans: «Han er gammal nok, spør han sjølv.»
24 Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud æra! Vi veit at dette mennesket er ein syndar.»
25 Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men dette veit eg: Eg var blind, og no ser eg.»