29 Vi veit at Gud har tala til Moses, men vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå.»
30 «Det er då underleg», sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna auga mine.
31 Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har gudsfrykt og gjer etter hans vilje.
32 Så lenge verda har stått, har ein aldri høyrt om at nokon har opna auga på ein som er fødd blind.
33 Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.»
34 Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.
35 Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?»