17 Men de, mine kjære, kom i hug dei orda som vår Herre Jesu Kristi apostlar har føresagt.
18 Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma spottarar som følgjer sine eigne ugudelege lyster.»
19 Dette er dei som skaper splid mellom dykk; dei er reint menneskelege og manglar Anden.
20 Men de, mine kjære, må byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru og alltid be i Den heilage ande.
21 Pass på å bli verande i Guds kjærleik medan de ventar på at vår Herre Jesu Kristi miskunn skal føra dykk til evig liv.
22 Miskunna dykk over dei som tvilar,
23 andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame: Sky til og med kappa som er skitna til av lystene i kroppen.