2 Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!
3 Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ønske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.
4 For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som for lenge sidan var oppskrivne til å bli dømde. Dei misbruker vår Guds nåde til eit liv i utskeiingar, og dei fornektar vår einaste herskar og Herre, Jesus Kristus.
5 Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.
6 Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.
7 På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.
8 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter.