9 Men då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren refsa deg!
10 Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner, og det dei, som dyr utan fornuft, skjønar ut frå naturen, det tener til å øydeleggja dei.
11 Ve dei! Dei har slege inn på Kains veg; dei har kasta seg ut i Bileams villfaring for vinning skuld. Dei har gjort opprør som Korah og gått til grunne.
12 Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot.
13 Dei er ville havbølgjer, skummande opp si eiga skam, villfarne stjerner som det evige nattemørkret ventar på.
14 Det var om desse Henok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage i tusental.
15 Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.»