1 Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss,
2 slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet.
3 No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av,
4 så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.
5 I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.
6 Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.