13 Men engelen sa til han:«Ver ikkje redd, Sakarja!Bøna di har vorte høyrd.Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,og du skal gje han namnet Johannes.
14 Han skal bli til glede og fryd for deg,og mange skal gleda seg fordi han er fødd.
15 For han skal vera stor i Herrens auge. Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk,og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.
16 Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.
17 Han skal gå føre Herrenmed same ånd og kraft som Elia hadde,for å venda fedrehjarta til bornaog gje ulydige det sinn som rettferdige har,for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»
18 Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.»
19 Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen.