18 Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.»
19 Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen.
20 No skal du bli stum og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For du trudde ikkje orda mine. Men det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»
21 Imedan stod folket og venta på Sakarja og undra seg over at han vart verande så lenge i tempelet.
22 Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.
23 Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.
24 Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.