23 Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.
24 Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.
25 «Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»
26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,
27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.
28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»
29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.