27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.
28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»
29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.
30 Men engelen sa til henne:«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,og du skal gje han namnet Jesus.
32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»