3 No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av,
4 så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.
5 I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.
6 Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.
7 Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.
8 Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.
9 Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.