30 Men engelen sa til henne:«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,og du skal gje han namnet Jesus.
32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»
35 Engelen svara:«Den heilage ande skal koma over deg,og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.Difor skal òg barnet som blir fødd,vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.