36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.
37 For ingen ting er umogleg for Gud.»
38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda
40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.
41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande
42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.