42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.
43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?
44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.
45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»
46 Då sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,
47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
48 For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,