5 I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.
6 Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.
7 Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.
8 Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.
9 Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.
10 Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad.
11 Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret.