54 Han tok seg av Israel, sin tenar,og kom i hug si miskunn
55 slik han lova våre fedrar,Abraham og hans ætt, til evig tid.»
56 Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.
57 Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.
58 Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.
59 Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,
60 men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»