57 Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.
58 Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.
59 Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,
60 men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»
61 «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.
62 Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.
63 Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,